Frode Grytten (fødd 11. desember 1960 i Bergen) er ein norsk forfattar og journalist. Han voks opp på industristaden Odda i Hardanger, der handlinga i mange av bøkene hans også finn stad. Grytten skriv for det meste på nynorsk.

Han debuterte med diktsamlinga Start i 1983. Det store gjennombrotet sitt fekk han med romanen Bikubesong frå 1999. Boka er omsett til fleire språk og det er også laga eit teaterstykke med grunnlag i henne.

Frode Grytten har vore busett i Bergen sidan han byrja å studere der som 18-åring. Ei tid var han fast tilsett kulturjournalist i avisa Bergens Tidende, men han har etter kvart vorte forfattar på heiltid.

Han har (per 2011) gjeve ut éi diktsamling, ni novellesamlingar (av desse, tre med noveller i utval), fire barnebøker, tre romanar, éi reiseskildring og éi artikkelsamling. I tillegg har han vore redaktør for ein antologi, skrive ei miniatyrbok og tekstar til ei bok med bilete av trehytter. Han har vorte heidra med mellom anna Brageprisen og Rivertonprisen, i tillegg til at han har vore nominert til Nordisk Råds litteraturpris.

== Biografi ==

Frode Grytten voks opp på Hjøllo i Odda. Mor hans arbeidde som frisør og far hans som møbelseljar. Musikken spela – på same måten som i fleire av bøkene hans – ei viktig rolle for han i oppveksten. Han fortel sjølv at: «Som 14–15-åring vart eg fascinert av musikken. Roxy Music var den første verkeleg store gruppa for meg. […] På 70-talet kom punken. Eg vart ikkje punkar med hanekam, men eg høyrde på punkmusikken.»

Grytten har skildra seg sjølv som sjenert, både i ung og vaksen alder. I eit intervju sa han mellom anna at: «Det var ikkje mykje eg sa på ungdomsskulen, men eg sa iallfall at Bob Dylan ville fått Nobelprisen om han ikkje hadde laga musikk til tekstane sine.» For å overvinne sjenansen skapte han alter egoet «Arne Speed Mikaelsen», som han prøvde å skrive i Bergens Tidende med. Han har også opptredd som denne personen framfor eit publikum på 1500 menneske i Grieghallen.

Då han var 18 år flytte han frå Odda til Bergen for å studere. Grytten er utdanna cand.polit. med administrasjons- og organisasjonsteori som spesialfelt på Universitetet i Bergen. Hovudfagsoppgåva hans heitte Den politiske prosessen med å etablere boliger for psykisk utviklingshemmede, før eller etter HVPU-reformen. Etter at han var ferdig med utdanninga si, forsøkte han å søkje jobb i byråkratiet. Men han fekk ingen jobb, og det har han sagt at han er glad for i dag. Seinare vart han fast tilsett som kultur-/reportasjejournalist i Bergens Tidende. Han var der tilsett i fotoavdelinga. Om dette sa han sjølv: «Bakgrunnen er at eg berre arbeider med reportasjar. Og då må ein vera der det er ekte interesse for reportasjar.» Ein del av desse reportasjane er seinare utgjevne i essay- og artikkelsamlinga 50/50 frå 2010. Etter kvart tok han ut permisjon frå jobben for å få meir tid til å skrive bøker, før han til sist vart forfattar på heiltid.

Frode Grytten er i dag busett på Bønes i Fyllingsdalen i Bergen, er gift og har to ungar.

== Forfattarskapen ==

=== Generelle tema og trekk ===

Litteraturen til Frode Grytten har vorte skildra som «underdriven prosa», idet at skrivestilen hans er så «hardkokt og lakonisk». Han skriv ofte svært enkelt, og det er sjeldan at han brukar framandord eller «store ord». Dette gjer at han har vorte samanlikna med eldre forfattarar som Kjell Askildsen og Øystein Lønn. Av forfattarar i samtida til Frode Grytten, kan skrivestilen hans også delvis samanliknast med Odd W. Surén.

Grytten gjer bruk av undertekst i mange av novellene sine. Med andre ord må ein lese mellom linjene for å få med seg til dømes kva som eigentleg går føre seg, eller kva hovudpersonen eigentleg føler. Det er mykje humor i bøkene hans, men denne ligg alltid i underteksten. Han prøver ikkje å forklare for lesaren kvifor – eller om – noko er morosamt eller ikkje.

Musikk spelar ei viktig rolle i mange av bøkene til Frode Grytten. Nokre gonger er det songar som er sjølve utgangspunktet for novellene, som i Popsongar. Andre gonger brukar han sitat frå songtekstar for å understreke ei stemning, eller for å seie noko om personane i bøkene. Han har også brukt musikkartistar som rollemodellar for personane sine. Eit døme på dette kan ein finne i Langdistansesvømmar: «Den natta drømte eg at Bruce Springsteen reiste seg frå senga heime hos foreldra, gikk stilt gjennom det mørklagde huset, ned trappa, inn i garasjen der den gamle punchingballen hang frå taket, sette seg inn i ein Chevy ’69 […]»

Det er personane Frode Grytten fokuserer på i historiene sine. Nokre gonger skildrar han livsløp eller kjærleiksforhold, medan han andre gonger utvidar augneblinken idet personen eller personane opplever ei endring i livet sitt. I fleire av novellene sine skildrar han personar som opplever lukke, men aldri einsidig lukke. Det ligg ei visse i bakgrunnen om at lukka ikkje er varig. Elles er overgangsfasen mellom barn og ungdom eit tema han tek opp i fleire av bøkene. Denne problematiseringa av sosialiseringa og den mannlege kjønnsrolla finn ein også hjå mange andre forfattarar som skreiv på 1980-talet. I vidare forstand tek han opp identitetsproblematikk både i ung og vaksen alder.

=== Andre verk ===

Dublin er ei reiseskildring Frode Grytten gav ut i 2002. Boka er ifølgje Grytten ikkje meint å vere ein konvensjonell reiseguide, men i staden eit slags portrett av Dublin, slik han sjølv ser byen. Undervegs i boka vekslar han til dels mellom ulike journalistiske og litterære uttrykksmåtar. Frode Grytten er ikkje interessert i å skildre dei «vanlege» attraksjonane i Dublin (med unntak av pubane), og han skriv sjølv: «Eg er allergisk mot museum, eg klør over heile kroppen bare eg betaler inngongsbiletten.» I staden skildrar han rockekonsertar, hesteveddeløp, fotballkampar, antikvariat osb. Kritikarane likte boka, men enkelte av dei meinte skildringane av og til vart litt for romantiserande og klisjéaktige.

Frode Grytten har også skrive fleire barnebøker. Den fyrste, Frosken Vertigo og det store spranget frå 1999, er illustrert av Birgitta Sondresen og handlar om ein frosk som er åleine i verda og lurer på kva for dyr han er. Deretter følgde Urmakar Pisani og paradisfuglane med same illustratør i 2003. I denne boka følgjer lesaren ein urmakar som lagar gaukur med levande fuglar i. I 2004 kom Hull & sønn. Denne boka er illustrert av Marvin Halleraker og handlar om hòlfabrikken Hull & sønn som vert nedlagd. Det viser seg då at heile samfunnet stoppar opp utan hòl. I 2007 var Grytten bidragsytar i Godnattboka med novella «Finn har ein tiger under senga».  Den til no siste barneboka frå Grytten er Gabba gabba hey!, som er illustrert av Gry Moursund. Ho kom i 2008 og handlar om ein tivoligalen far og ein son som ikkje likar tivoli i det heile teke.

Han har gjeve ut to bøker med noveller i utval, Eg blir her, eg drar ikkje frå 2000 og Sjuk av lykke frå 2006, som følgjer opp den fyrste. I 2009 kom Noveller i samling, som samlar alle novellene Frode Grytten hadde fått utgjeve til då. Same året bidrog han også til boka Det norske huset. Dette er ei bok med bilete av trehytter tekne av Jens Hauge. Grytten har skrive tekstar til bileta. I samband med 50-årsdagen til Grytten i 2010 kom essay- og artikkelsamlinga 50/50 som inneheld 50 tekstar.
